Tradisjonsmat

Elevane får vera med og laga god tradisjonsmat og læra om kosthaldet i tidlegare tider.

Spesielt fokus på mat for 100 – 150 år sidan.

Kort om opplegget:

  • Korleis var kosthaldet i gamle dagar?
  • Bli med og lag tradisjonskost og kjenn kor godt den smakar.
    • Kinna smør
    • Baka potetkaker (eplekaker).

Frå fagfornyinga:

Kompetansemål etter 7. trinn

  • bruke reiskap, grunnleggjande teknikkar og matlagingsmetodar til å lage trygg og berekraftig mat som gir grunnlag for god helse
  • utforskeog presentere tradisjonelle norske og samiske metodar for å konservere mat på og kunne fortelje om råvarene som blir konserverte

Varigheit: 

2 timer pr 30 elevar. Me startar med å kinna smør før klassen delast i to for å baka potetkaker. Opplegget krev derfor minst to vaksne. Elevane som ikkje bakar kan leika ute eller ha ein annan lærarstyrt aktivitet.

Kan bestillast:

April

Pris:

Gratis

Send førespurnad