Utstillingsopning: Klimaklokt!

Bygningshandtverkar legg takstein på gammalt bygg.
13. juni 2023 Kl. 12.00 - 14.00
Haugabakka, Haugabakkavegen 9, Kleppe
Gratis

Velkommen til utstillingsopning på Haugabakka!

Klima påverkar oss og me påverkar klimaet, og klimaendringane vil påverka husa me bur i. Kan me læra noko av den lokale byggjeskikken?

Finst det metodar og tankesett i dei gamle bygningane som kan læra oss i dag noko om klimatilpassing og klimagassreduksjon? I eit klimaperspektiv: svarar det seg å renovera og ta vare på gamle hus, eller bør en byggja nytt?

I utstillinga Klimaklokt får du læra meir om dette!

Alle som ynskjer, er velkomne til utstillingsopning. Enkel servering.

 

Utstillinga er laga av Museumstjenestene, i samarbeid med musea i Rogaland: Jærmuseet, Ryfylkemuseet, Haugalandmuseet, Dalane folkemuseum og Museum Stavanger og med støtte frå Miljødirektoratet og Rogaland fylkeskommune.

 

Det er òg laga ei nettutstilling om tema. Den kan du sjå her.