Utstilling: Folk, fe og kvite gardinar

Ei utstilling av foto fra Klepp frø 1920.

16. mars 2019 - 27. oktober 2019
Haugabakka, Haugabakkavegen 9, Kleppe
Gratis

Klepp kommune har gjennom mange år opparbeida eit  fotoarkiv med fleire tusen motiv av kvardagsliv, arbeid, landskap, bygningar, personar, og små og store hendingar i kleppsbuens liv og virke. Fotoarkivet som omfattar motiv  slutten av 1800-talet og langt inn i det 20. århundre er nå digitalisert og gjort offentleg tilgjengeleg.

 

I samarbeid mellom kulturkontoret i Klepp og Jærmuseet er det valt ut 40 motiv frå arkivet til ei utandørs fotoutstilling i museumsanlegget i Haugabakkavegen 9 på Kleppe. Denne er tilgjengeleg for alle, heile døgnet.