Trygve og Torvald – bilete frå eit familiealbum

26. juni 2022 18.00
Haugabakka
Gratis

Om utstillinga:

Pianist Trygve Stangeland og Torvald Tu var livskjærastar. Dei høyrde allereie saman då Torvald bygde det vesle huset i Mosberghagen på Tu i 1924. Mot slutten av trettiåra bygde dei på huset, og Trygve og flygelet hans flytta inn.
Her budde dei begge til dei døydde.
Bilda i hagen på Haugabakka er frå fotoalbumet deira.
Utstillinga er laga i høve Skeivt kulturår 2022, i samarbeid med Klepp kommune.

Program:
Kl. 18:00, Haugabakka: Utstillingsopning i hagen på Haugabakka. Arrangementet er gratis

Kl. 20:00, Orre Friluftshus Konsert med Lappeteppe. Musikk frå albumet «Månesyll & tonegull» med tekstar av Torvald Tu.
Opplesing og forteljing ved Kjell Olav Stangeland.

Dørene opnar 19:00.

Kjøp billett til konserten her

Om konserten:
Lappeteppe speler musikk frå albumet «Månesyll & tonegull» med tekstar av Torvald Tu og musikk av Torstein Obrestad.
Eit tidlaust musikalsk lydbilete lagar ei fin ramme om dei hjartevarme, morosame og naturnære dikta til Torvald Tu.
Kjell Olav Stangeland fører videre den gode opplesartradisjonen til bl. a. Gudrun Laland og Olav Stangeland, og me får høyre stubbar, dikt og forteljingar av og om Torvald Tu.

Om Månesyll & Tonegull (2010):
Etter to album med tekstar av Tobias Skretting, ga gruppa Lappeteppe ut «Månesyll & tonegull». Nok ein gong trefte musikken deira jærbuen heime, med god oppslutning på konsertar og godt sal av plater.
Youtube-videoen «Musikk» og radiospeling skapte etterspurnad også i andre landsdelar. Sjå videoen her: https://www.youtube.com/watch?v=ElMY-eTsTVg

Lappeteppe består av:
Torstein Obrestad – piano, orgel og vokal Gunnar Tønnesen – gitar, fele, cubansk tres og vokal Trond Gudmestad – trommer og gitar Anita Bekkeheien – vokal Kjell Gudmestad – steelgitar og gitar Oddvar Berentsen – bass.