Sundagsope på Haugabakka

Bygningshandtverkar legg takstein på gammalt bygg.
18. juni 2023 - 27. august 2023
Haugabakka, Haugabakkavegen 9, Kleppe
Gratis

Velkommen til Haugabakka i Klepp!

Klepp historielag opnar opp dørene til Haugabakka kvar sundag i sommar, frå klokka 12.00 – 15.00. Her kan du få med deg:

  • Utstillinga Klimaklokt!. Utstillinga viser at påverkar oss og me påverkar klimaet. Klimaendringane vil påverka husa me bur i. Kan me læra noko av den lokale byggjeskikken?
  • Utstillinga Trygve og Torvald. Trygve og Torvald var livskjærastar i 1930-åra. Bileta du kan sjå i hagen på Haugabakka er frå fotoalbumet deira.
  • Bygdesamlinga til Klepp kommune med gamle reiskaper og andre gjenstander
  • Gilde leikar og spel både ute i hagen og inne i Folgehuset

Inngang er gratis for vaksne og barn.

Les meir om Haugabakka her.