Ei utstilling med heimelaga trearbeid. Me syner både innlånte gjenstandar i privat eige og gjenstandar frå eiga samling. Her er fiskestenger, modellar, bruksting for landbruk og kjøkken, leikar og pynt til hus og heim. Det meste er laga av pensjonistar og andre som bruker fritida si på å forma i tre. Blant museumsgjenstandane er og noko laga av bygdehandverkarar som livnærte seg av snikkararbeid.
Utstillinga er open desse dagane: 14. og 15., 21. og 22.10., 5. og 12.11. , laurdagar kl. 13 – 16 og sundagar kl 12 – 16.