Arbeidsoppgåver:
- Koordinera publikumsaktivitetar på anlegga Grødalandstunet, Limagarden og Haugabakka
- Organisera aktivitetsdagar og sesongope
- Koordinering av undervisning
- Vertska for gruppebesøk – omvisning
- Ansvar for å halde anlegga i presentabel stand, ute og inne
- Oppfølging og ansvar for sommarvertar
- Samarbeid med kommunar om aktivitetar
- Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar
- Delta i arbeid med museet si gjenstandssamling
- Andre driftsoppgåver på andre anlegg, ved behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Må ha interesse for lokalhistorie
- God lokalkunnskap er ein fordel
- Erfaring frå lokalt organisasjonsliv er ein fordel
- God til å organisere
- Strukturert og nøyaktiv
- Utadvendt
- Vera komfortabel med bruk av digitale verktøy
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på nynorsk og bokmål
- Førarkort klasse B
Jærmuseet tilbyr:
- Fast 100% stilling
- Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
- God pensjonsordning
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Kontorplass på Kvia, Nærbø
Om arbeidsgjevar:
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har i dag ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.
Grødaland (Hå), Limagarden (Gjesdal) og Haugabakka (Klepp) har til saman rundt 7000 besøkande i løpet av eit år. Sesongen er frå mai til september, men med undervisning utover desse månadane. På Grødaland og Limagarden vert det óg arrangert populære ferieklubbar kvar sommar.
Søknadsfrist: 31.01.21
Søk på stillinga her
Har du spørsmål eller vil ha meir informasjon?
Kontakt avdelingsdirektør Hans Dybvad Olesen, tlf: 952 94 538, e-post hdo@jaermuseet.no eller prosjektsjef Per Inge Bøe, tlf.: 908 65 242, e-post pib@jaermuseet.no