Lag di eiga kipe

17. oktober 2015 11-17
Klepp bygdemuseum, Haugabakka, Haugabakkavegen 9
kr 600

Kurs i kipebinding med Samson Øvstebø

Meld deg på kurs i kipebinding. Her  lagar deltakarane  ei minikipe som dei får med heim. Minikipa er kopi av ei større kipe og er om lag 18 cm høg. Kursleiar Samson Øvstebø frå Åkra i Kvinnherad er ein erfaren kipemakar som har halde ei rekkje kurs.

Kipe er ei fletta korg som kan berast på ryggen eller hengast som kløv på hesteryggen. Kipa var tidlegare  ein vanleg berereiskap for frakt av mange slags varer, fòr og gjødsel.

Praktisk informasjon:

Kurslengd: 6 timar

Deltakarane må ha med kniv og stilla i arbeidsantrekk inkl. knevern for å unngå å skjera hol i kleda.

Fleire kiper kan du sjå på heimesida til Samson.

For spørsmål og påmelding: Send e-post til Haugabakka@jaermuseet.no.

Påmelding innan tysdag 13.10. kl 12 – framleis ledige plassar!

Bli med på kurs!