Sundag 8. november vert det nye ting å sjå og studera på Haugabakka. I samband med utstillinga «Viva Basket» , demonstrerer Bjørg Njå korleis ho syr sevsko. Utstillinga vert vist fram til 15. november.
Då utstillinga opna, 11. oktober, laga Bjørg ei lang flette. Denne skal det no verta sko av.