
Elevane får vera med og laga god tradisjonsmat og læra om kosthaldet i tidlegare tider.
Spesielt fokus på mat for 100 – 150 år sidan.
Kort om opplegget:
- Korleis var kosthaldet i gamle dagar?
- Bli med og lag tradisjonskost og kjenn kor godt den smakar.
- Kinna smør
- Baka potetkaker (eplekaker).
Frå fagfornyinga:
Kompetansemål etter 7. trinn
- bruke reiskap, grunnleggjande teknikkar og matlagingsmetodar til å lage trygg og berekraftig mat som gir grunnlag for god helse
- utforskeog presentere tradisjonelle norske og samiske metodar for å konservere mat på og kunne fortelje om råvarene som blir konserverte
Varigheit:
2 timer pr 30 elevar. Me startar med å kinna smør før klassen delast i to for å baka potetkaker. Opplegget krev derfor minst to vaksne. Elevane som ikkje bakar kan leika ute eller ha ein annan lærarstyrt aktivitet.
Kan bestillast:
April
Pris:
Gratis