Ny podkast-episode: -meir enn berre ting, fortel konservatoren

I ei ny episode av podkasten TING – frå Jærmuseet tek konservator ved Flyhistorisk Museum Sola, Sondre B. Hvam, oss med tilbake til den kalde krigen.

Høyr podcasten, Ting – frå Jærmuseet, nå.

Podkasten TING

I podkasten “Ting” får du historier frå Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i éin konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne tingen opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren.

Logodesign av Elisabeth Tungland, samlingsforvaltar, avdeling Samling og dokumentasjon i Jærmuseet

Han møter han Siegfried Hernes, tidlegare jagerflygar, som fortel om den dramatiske dagen i 1965 då han måtte skyta seg ut av flyet sitt utanfor Bodø.

–For mange kan jagarfly vera symbol på fart, teknologi og presisjon – men bak kvar maskin står menneske med tidvis livsfarlege oppdrag. Historia til Hernes er eit døme på kor små marginane kunne vera, fortel konservatoren.

Utviklingstid for norsk militærluftart var ikkje utan risiko

Hernes i sine yngre dager

Hvam har gjennom doktorgradsprosjektet sitt intervjua over 80 tidlegare jagerflygarar. Han understrekar kor viktig det er å dokumentera desse forteljingane.

-Mellom 1950 og 1989 skjedde heile 161 fatale ulukker med norske militærfly eller under norsk flygarutdanning fortel konservatoren som i doktogradsprosjektetet sitt har intertvjua 80 av dei norske militære flygerane som flaug i denne perioden.

– Sjølv om mange, slik som Siegfried, opplevde flyginga som spanande og givande, var det aldri utan risiko, understrek Hvam.

Musea, meir enn berre ting

Nå er Hernes ein av fleire jagarflypilotar som får historia si formidla i utstillinga “Vi som flaug under den kalde krigen” på Flyhistorisk museum Sola i Sømmevågen

-Siegfried si historie er ikkje berre it personlege minne, men del av vår felles historie og det er viktig at dei får dele sine opplevingar.

-Musea er opptekne av ting og det er gjerne dei som får fokus. Men det er viktig me på Flymuseet ikkje berre snakkar om fly, men også dei som flaug, avsluttar konservatoren.