Med ei høgtideleg markering vart det nye foajébygget ved Flyhistorisk Museum Sola opna torsdag 9. april av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
– «Demokrati er ikkje noko me har – det er noko me må arbeida med kvar einaste dag», sa Jaffery frå talarstolen, òg la til eit sitat frå den tyske rettshistorikaren Otto Gritschneder: «Den som søv i eit demokrati, vaknar opp i eit diktatur».
Starten på ein okkupasjon

Datoen for opninga, 9. april 2025, markerer at det er 85 år sidan den fem år lange tyske okkupasjonen av Noreg starta. Dei inviterte fekk høyra generalløytnant Hjalmar Sunde fortelja om dei dramatiske timane då tyske styrkar invaderte Sola – med perspektiv frå både norsk og tysk side.
Eit viktig bygg for museumsdirektøren

-“Foajébygget, med sine formidlingsfasilitetar, eksisterande og framtidige utstillingar, og det viktige arbeidet til Venneforeininga FMS – vil vera sentrale bidragsytarar til å halda offentlegheita i det norske demokratiet vaken” fortel Atle Fiskå, direktør i Jærmuseet (som Flyhistorisk museum Sola er ein del av).
-Flymuseet vil ha enorm nytte av dette bygget, i arbeidet med å formidla forteljingar frå luft, bakke og sjø – frå både krigs- og fredstid” slår museumsdirektøren fast.
Tusenvis av timar og sjeldne fly

Jan Harald Torvund, Sigfried Hernes og Kjell Dahle.
– «Eg trur me må ha passert over 16 000 dugnadstimar», fortalde Egil Endresen, leiar Stiftelsen Sola Flymuseum, frå scena denne dagen. I fjor kom ei ny utstillingshall på plass, der stiftinga sitt arbeid har vore sentralt. Foreininga, som vart etablert på 1980-talet, arbeider året rundt med å restaurera fly som museet nyttar til å formidla viktige historier frå norsk luftfart.



Det nyaste tilskotet til Flymuseet si samling er Caproni Ca.310 – det einaste flyet av sitt slag i verda i restaurert stand på museum. Flyet tok av frå Sola dagen då tyskarane starta okkupasjonen av Noreg. Det landa på Austlandet, der det sidan vart sett fyr på av tyske styrkar. Stålramma overlevde, og har danna grunnlaget for den vidare restaureringa.
Flyet har fått det iøynefallande mønsteret sitt spraylakka for hand av medlemmar i venneforeininga – ein detalj som vitnar om både presisjon og lidenskap. Under opninga var det óg “roll-in” av to til maskinar; Tiger Moth og Super Puma.
Mange helsingar



Det var ikkje berre kulturministeren, generalløytnanten og leiaren for stiftelsen som hadde helsingar denne dagen. Både ordførar Janne Stangeland frå Sola kommune, Erlend Jordal frå Rogaland fylkeskommune og Atle Fiskå – direktør for Jærmuseet – delte sine tankar om viktigheita av Flymuseet si rolle i formidlinga av norsk flyhistorie.
Avdelingsleiar gler seg

Konferansier for dagen var Eirik Gurandsrud, avdelingsleiar ved Flyhistorisk Museum Sola (til venstre), ser fram til vidare arbeid med å formidla norsk luftfartshistorie med regional forankring – ikkje berre gjennom kommande utstillingar, men òg i dei nye formidlingsfasilitetane i foajébygget.
-“Dette blir det nye ankomst- og knutepunktet mellom den gamle tyske hangaren – no utstillingshall – og den nye utstillingshallen som opna i fjor, altså eit kjempeløft for formidlinga vår”, fortel avdelingsleiaren.





Gurandsrud legg heller ikkje skjul på at det blir stas med ein eigen kafé der besøkjande kan nyta noko å bita i medan dei lærer om viktig luftfartshistoria.
-“Det er viktig å ha høve til å ta del i demokratiet, som det å gå på museum faktisk er, utan å vera tom i magen”, avsluttar Gurandsrud.
Ope heile påska
Flyhistorisk Museum Sola har utvida opningstidene i 2025, og vil ha ope heile påska kl. utanom Langfredag, i tillegg til kvar laurdag og sundag fram mot sommaren. Alle dagar kl. 12-16.