Aktivitetsdag med Firkløveren 4H

18. september 2016 12.00-16.00
Limagarden, Ytre Lima, Ålgård
Vaksne kr. 30 / Barn gratis

På Limagarden denne dagen er det Firkløveren 4H sine medlemmar som står for aktivitetane.

Du kan blant anna bli med og tova, laga mat på wok, baka potetkaker og spikka. 4H-arane stiller ut og fortel om sine oppgåver som dei har jobba med gjennom året. Det er nok nokon av dei som og har med eit dyr eller to.

Ellers kan du gå inn i dei gamle husa, og oppleva koss livet på Limagarden var når det budde folk der.

Bak Limagarden ligg Limaheia. Her er det flotte turområder. Kombiner gjerne besøket til Limagarden med ein tur i heia!

Velkommen!