Hugsar du korleis jula var?Torsdag 2. desember var alle 4. klassingane i Gjesdal på besøk på Limagarden. Her har tradisjonen tru Skule og Landbruk i Gjesdal kvart år eit arrangement som vert kalla «Jul i gamle dager».

Elevane gjekk 50 år tilbake i tid og fekk høyra om korleis maten vart nytta på garden i jula – om julepølsa og sylta og korleis treet vart pynta med levande lys. Ute i tunet og på låven gjekk dei gjennom fleire stasjonar der dei blant anna laga honninglys og sopelime, tova, baka lefser og på låva fekk dei sjølvsagt møta fjosnissen! Skule og Landbruk er ein kombinasjon av Gjesdal bondekvinnelag og Gjesdal bondelag, og dei arrangerar fleire flotte arrangement for skulane i Gjesdal gjennom heile skuleåret.