Velkommen til turorientering i Knudaheio 23. april – 1 mai!
Turorientering er ein gild utandørsaktivitet for store og små. Gå på jakt etter postane som er merka på kartet, og stokk tal og bokstavar til eit løysingsord. Skann QR-kodane i Garborgløypa som er merka på kartet, og fortel kva filmen viser.
Deltakarar som leverer rett løysing til Garborgsenteret, blir med i trekking av ein dagstursekk og tre turkoppar. Lever løysinga i museumsbutikken eller på e-post garborg@jaermuseet.no.
Alle barn som deltar, kan henta ein liten premie på Garborgsenteret.
Kart kan hentast i museumsbutikken på Garborgsenteret og på Undheim handelslag i perioden. Du kan lasta ned kart her. Det vil også vera mogleg å lasta ned kart via QR-kode i Knudaheio.
Kart kan også hentast i mueumsbutikken hjå Garborgsenteret/Time bibliotek, Magneten sport på Ålgård og Undheim handelslag i perioden.
Sundag 23. april kl. 12-15 blir det aktivitetsdag i Knudaheio, gratis for alle! Forutan turorientering og speedOløype blir det kubb og dragebygging. Og høve til å gå inn i Arne Garborg si skrivestove, sjølvsagt!