Kart til Garborgløypa

Garborgløypa er ei digatl formidlingsløype i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje

Nå kan du ta med deg smarttelefonen eller nettbrettet og oppleva litteraturen til Arne Garborg på ein ny måte. Ved hjelp av QR-kodar kan du oppleva over 60 scenar i og utanfor Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje, halvparten film og halvparten lydspor. Kodane som er plasserte utandørs er tilgjengelege for alle året rundt, dei inne er tilgjengelege i opningstida eller etter avtale.

Innhaldet er henta frå meisterverka Haugtussa og Fred, samt dagbøker og den sjølvbiografiske boka Knudaheibrev.

Les meir om Garborgløypa (her kan du òg lasta ned kartet)