Klepp kommune var den største pelsdyrkommunen i landet, og næringa var særs viktig for kommunen. Jærmuseet har difor, i tett samarbeid med Klepp historielag, laga ei mindre utstilling med fokus på pelsdyrnæringa i Klepp. Utstillinga er utandørs, og vil stå i hagen på Haugabakka. Den består av 22 ulike plansjar med foto og tekst. Me inviterer deg til opning av utstillinga!
1.februar 2025 vart det forbod for å driva med pelsdyrhald i Norge. For Jærmuseet har det vore viktig å dokumentere denne næringa, og museet har dei siste åra følgt næringa tett. Arbeidet har resultert i ei større utstilling, PELS, på Vitengarden. Utstillinga som no opnar på Haugabakka er en forlengelse av dette arbeidet.
Arrangementet startar på Fredheimsloftet. Her vert det innlegg frå leiar av Norges pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem, prosjektleiar for dokumentasjonsprosjektet i Jærmuseet, Anne Jorunn Frøyen, samt Even Braut. Even har nyleg fullført ei masteroppgåve i historie ved UiB, der han skreiv masteroppgåva om “Norsk pelsdyravl som del av den norske landbrukshistoria – Dei lange linjene 1914-1989 og Klepp som særskild pelsdyrbygd”.
Me går deretter samla til Haugabakka, ein 5-minutts spasertur, kor ordførar i Klepp kommune, Kjetil Maudal, vil foreta den offisielle opninga av utstillinga cirka kl. 14.15. Etter opning vert det servering av kaffi og kaker.
Utstillinga og opninga vil vera utandørs.
Utstillinga er laga i samarbeid med Klepp historielag.