Kart til Garborgløypa

Nå kan du få kart til Garborgløypa, den digitale formidlingsløypa i Garborgheimen, Knudaheio og Time kyrkje

Kom innom Garborgsenteret eller last ned kartet her

Ta med deg smarttelefonen eller nettbrettet og opplev litteraturen til Arne Garborg på ein ny måte. Ved hjelp av QR-kodar kan du oppleva over 60 scenar i og utanfor Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje, halvparten film og halvparten lydspor. Kodane som er plasserte utandørs er tilgjengelege for alle året rundt, dei inne er tilgjengelege i opningstida eller etter avtale.

Innhaldet er henta frå meisterverka Haugtussa og Fred, samt dagbøker og den sjølvbiografiske boka Knudaheibrev.