Sommer 2014

I Hå kommune er det i sommar fleire tilbod til skulebarna. Det vert fleire veker med ferieklubb på Grødaland, i Nye Loen og eksperimentveke og matskule på Vitengarden. Her er noko for einkvar smak.

Ferieklubbrosjyre

På Grødaland har påmeldinga vore kjempegod men me har fortsatt ledige plasser i veke 32 og 33:

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På Grødaland kan me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i skogen, spikka og byggje hytte, laga forskjellig, kle oss ut, spela rollespel frå ”gamle dagar”, snekra, fiska m.m. Me lagar mat og serverar frukt kvar dag.

Veke 26, 27, 32; måndag til fredag kl 9 – 15, pris kr 1300

Veke 33; måndag til onsdag kl 9 – 15, pris kr 800

Alder: 1.-7. klasse

Bindande påmelding innan 1. mai (Begrensa plass – første mann til mølla.. )

til ins@jaermuseet.no

Skriv kva veker de søkjer, barnet sitt namn, adresse og fødselsdato og føresette sin epostadresse og tlf nr. Dersom barnet har spesielle behov, og til dømes treng eigen assistent, må de sjølv ordna dette på førehand og me må få melding.