Hagedag på Grødaland

Det vert hagekos med mange aktivitetar for store og små på sundag.

hagen

Else Bjørg Terland kjem frå Eigersund med stauder til sals, Madam Køhler sel rabarbrasaft m.m. frå Næsheim.

Det vert sal av kaffi og lappar.

Kjøkkenkos med smaksprøver på mat laga av vekster frå hagen:urtesmør, hylleblomsaft, rabarbrasuppe og skvalderkålsuppe.

Klokka 13 tek Steinar Undheim oss med på plantevandring i området rundt hagen.

Ane frå Krims og krans sel hageskilt, fuglekasser og samanplantingar.

Spikking av einarkrokar.

Den siste, store, nye aktiviteten i år vert pilefletting – som alle kan vera med på. Me vil invitera store og små til å vera med på å fletta ein stor installasjon i lag med Klara Pil. Klara, som held til på Lye og er ekspert på fletting av pil, har bløytt opp mengder av kvister. Så nå vert det veldig spanande å sjå kva dette vert!.

Alle velkomme til ein hyggeleg dag i hagen!

Her vert det altså både noko å sjå på, smaka på, gjera og kjøpa for store og små!