Ferieklubben 2010

{rdxsg folder=»images/stories/groedaland/bildegalleri/Ferieklubb2010_Grdaland» thumbs_position=»bottom» midsize_width=»600″ midsize_height=»300″ thumbs_width=»600px» class=»time-w»}

Ferieklubben er eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hå kulturtorg. Me har òg god hjelp av «frivillige» frå Jæren Jakt og Fiske, Jæren Kystlag og Frivillighetssentralen. Tilsaman 90 ungar var her på dagtid – ei veke kvar. Me kosa oss med ulike aktivitetar i og rundt museet. Me gjekk i skogen og ned til sjøen. Kvar veke hadde me òg ein dagstur til Melsvatnet der me fiska, padla i kano og bada. Det vert nye veker med ferieklubb neste sommar.