Ferieklubb-tilbod i 2018

Grødalandstunet har tilbod om ferieklubb i veke 26, 27, 32 og 33 sommaren 2018.

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På ferieklubben på Grødaland skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i skogen, spikka og byggje hytte, laga forskjellige ting, kle oss ut, spela rollespel frå ”gamle dagar”, snekra og mykje meir. Me lagar mat og serverar frukt kvar dag.

Alder: 1. – 7. trinn (skuleåret 2017/2018)

Kor tid: Veke 26, 27, 32 og 33. Måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00.

Pris: kr. 1500,- per barn

Påmelding: Følg lenka her. Påmelding er bindande.

Det er begrensa plass og det er «første mann til mølla» som gjeld.