Ferieklubb på Grødaland: -Gammal leik, nye opplevingar

På Grødalandstunet har Jærmuseet nok ein sommar arrangert ferieklubb i samarbeid med Hå kommune, der ungar får boltra seg i historiske bygg, gamle leikar og nye opplevingar.

-Eit høgdepunkt har vore stylteleiken, der mange prøvde seg for første gong fortel Hans-Arvid Grødeland. Han er ein av leiarane på ferieklubben, men det er ikkje fyste gong han har vore her.

Frå vert til fast tilsett

Grødeland, som elles ila. året er driftskoordinator i avdelinga Samling og dokumentasjon hjå Jærmuseet, har sjølv vore med på ferieklubben som museumsvert på tidleg 2000-tal og synest fortsatt det er kjekt å vera her.

-Som ein av leiarane på ferieklubben, og ikkje lenger vert, er det gildt å sjå at gode gamle aktivitetar kan trumfa skjerm, fortel han og held fram.

– Her har det vore handverk som veving og knyting av tau, leik i verkstaden, og konkurransar inspirerte av NRK-programmet «Mesternes mester».

-Eit høgdepunkt har til dømes vore stylteleiken, der mange prøvde seg for første gong og som nokon har halde på me heile veka, fortel Grødeland med eit smil.

Fornøgd museumspedagog

Kristina Nyberg, museumspedagog i same avdeling i Jærmuseet, delar klubb-leiar ansvaret med Grødeland. Ho meiner kombinasjonen av kulturhistorie, naturfag og friluftsliv gjer ferieklubben på Grødalandstunet heilt spesiell.

– Denne ferieklubben er jo ein suksess, for me møter fleire, både nye og gamle ungar år etter år på eit opplegg kor me har alt i frå kubb, til primus i fjøra og is-laging, fortel Nyberg.

Leik + museumsbygg = sant

Museumspedagogen trekk fram at for samfunnet er det bra at museumsbygga på Grødaland blir nytta til glede for lokalsamfunnets unge i fellesferiane,

– Desse bygga må bli brukte og ungane synest det er spennande å få koma inn og oppleva dei gamle bygga og sjå korleis ein budde på denne typiske jærske sjøgarden ein gong i tida, så dette er vinn-vinn for alle slår Nyberg fast.

Fellesskap i fokus: både ved opp- og nedturar

For driftskoordinator Grødeland er det ekstra givande å sjå korleis ungane samarbeider og støttar kvarandre. Han fortel om ein deltakar som i utgangspunktet ikkje ville vera med på konkurransar, av frykt for å tapa, men korleis dei blei einige om å prøva likevel og at denne beslutninga gjorde at denne deltakaren fekk øvd seg på å vera i ein situasjon som nok var litt skummel, men som viste seg å gå godt likevel.

– Me prøver å leggja fokus på laget framfor enkeltprestasjonar, for på ferieklubb handlar det om gode felles opplevingar, så når eit lag vinn i lag, så må det og tapa i lag.

-Tapar ein konkurransen så gjer ein det i saman og det synest me er viktig for at ungar skal lera seg å dela på ansvar. Slike erfaringar kan vera nyttige seinare i livet. Men me har uansett ikkje noko fokus på kva lag som havna kor, det er ikkje det viktigaste. Me skal legga til rette for gode opplevingar fyrst og fremst, understrek Grødeland.

Både Nyberg og Grødeland er einige om at ferieklubben på Grødaland gir ungane i kommunen minner for livet – og kanskje nokre vener dei ikkje ville møtt elles. I tillegg er dei glade for at dei har med seg dyktige museumesvertar for å tilrettelegge for gode minne for barn og unge nok ein sommar på Grødalandstunet.