Kvar søndag frå mai til september er det ope på Grødaland. Her får du oppleva eit av dei flottaste museumsanlegga i Rogaland – med hus frå 17- og 1800-talet.
Ute i tunet kan du gå på stylter og leika i den flotte hagen.
Grødaland er eit fint utgangspunkt for tur langs Kongevegen.
God parkering.