Sesongopning

7. mai 2023 12:00-16:00
Grødaland
Vaksne kr. 40 / barn gratis

Velkommen til sesongopning på Grødaland! 

Grødaland er eit av dei best bevarte gardsanlegga i Rogaland, og ligg like ved Kongevegen. Besøk museet og få eit innblikk i koss folka på Jæren levde på 17- og 1800-talet. Vertar frå Hå historielag tek deg vel imot. Grødaland vil ha ope kvar sundag frå mai til og med september.

Sal av kaffi, brus, is, Kuli og heimelaga kjeks. Kombiner gjerne besøket med ein tur langs Kongevegen, leik i hagen eller ein tur i skogen like ved.

Billettpris: Vaksne kr. 40 / barn gratis. Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta dette denne dagen.

Betal med vipps, kort eller kontant.