Sesongopning

4. mai 12:00-16:00
Grødaland
Vaksne kr. 40 / barn gratis

Velkommen til sesongopning på Grødaland! 

Grødaland er eit av dei best bevarte gardsanlegga i Rogaland, og ligg like ved Kongevegen. Besøk museet og få eit innblikk i koss folka på Jæren levde på 17- og 1800-talet. Vertar frå Hå historielag tek deg vel imot. Grødaland vil ha ope kvar sundag frå mai til og med september, og kvar dag i juli.

Sal av kaffi, jus, is og heimelaga kjeks. Kombiner gjerne besøket med ein tur langs Kongevegen, leik i hagen eller ein tur i skogen like ved.

Billettpris: Vaksne kr. 40 / barn gratis. Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta dette denne dagen.

Betal med vipps, kort eller kontant.