Grødaland er eit av dei best bevarte gardsanlegga i Rogaland, og ligg like ved Kongevegen. Besøk museet og få eit innblikk i koss folka på Jæren levde på 17- og 1800-talet. Vertar frå Hå historielag tek deg vel imot. Grødaland vil ha ope kvar sundag frå mai til og med september.
Sal av kaffi, saft, is, og heimelaga kjeks. Kombiner gjerne besøket med ein tur langs Kongevegen, leik i hagen eller ein tur i skogen like ved.
Billettpris: Vaksne kr. 40 / barn gratis. Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta dette denne dagen.
Betal med vipps, kort eller kontant.