Hagedag

25. mai 12:00 - 15:00
Grødaland

Velkommen til ein triveleg dag fylt med hagedrøs, hygge og aktivitetar for heile familien! Det blir sal av flotte stauder, og hagelaget deler gjerne gode råd om stell av hagar og planter.

For barna vert det natursti, dei kan få prøva stylter, spela ringspel og utforska blomsterenga på leit etter pollinerande insekt.

I tillegg held me alle bygningane på Grødaland opne, så du får eit unikt innblikk i korleis folk på Jæren levde på 18- og tidleg 1900-talet.

 

Sal av kaffi, saft, lappar, is og heimelaga kjeks.

Billettpris: Vaksne kr. 40 / barn gratis.

Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta det denne dagen.

Betal med vipps, kort eller kontant.

 

Velkommen!

 

Arrangør: Jærmuseet, Hå hagelag og Hå historielag.