19. mai 12:00 - 15:00
Grødaland
Salg av stauder og hagedrøs

Velkommen til ein koseleg dag med hagedrøs, sal av stauder og smaksprøvar i hagen på Grødaland.

 

I år har me fått med oss Ketil Fuglestad som vil fortella om «verdas viktigaste summetone – 26 år med norsk humleproduksjon». Han har òg med seg eit humlebol som de kan studera på nært hald. Dette blir gildt og lærerikt og vil skje kl. 13.00.

 

Elles har me følgjande aktivitetar heile dagen:

– staudesal ved Else Bjørg Terland

– smaksprøver på mat frå hagen

– sal av rabarbrasaft frå Madam Køhler

– aktivitetar for ungane i hagen:

  • bygg din eigen blomekasse (kr. 50 per kasse)
  • lag blomekort eller papirblomar (inkludert i inngangsbillett)

 

Alle bygningane på Grødaland er opne, så her får du òg eit godt innblikk i koss folka på Jæren levde på 17- og 1800-talet.

 

Sal av kaffi og lappar.

 

Billettpris: Vaksne kr. 30 / barn gratis. Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta dette denne dagen.

Betal med Vipps eller kontant.

 

Velkommen!

 

Arrangør: Jærmuseet og Hå historielag

 

Omvising på Köhler-Paviljongen 

Köhler-Paviljongen feirar 10 årsjubileum. I samband med jubileet, inviterer dei til omvisning hjå seg frå kl. 15.00.

Adresse: Bernervegen 250, 4365 Nærbø.