Velkommen til ein gild aktivitetsdag på Grødalandstunet – den siste aktivitetsdagen før sesongen er slutt. Kva skjer?
Me bakar eplekaker og kinnar smør – kom og smak på baksten og kjenn den gode lukta i stovene.
Sjå korleis dei brukte handarbeidsteknikkar i gamle dagar
Gamle leiker og spel
Det vert sal av lappar, pølse og kaffi
Vel møtt!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Hå historielag og Jærmuseet.


