Eplekaker og gamle spel

21. september 12.00 - 15.00
Grødaland, Nærbø
Vaksne kr. 40 / Barn gratis

 

Me bakar eplekaker og kinnar smør – kom og smak på baksten og kjenn den gode lukta i stovene.

Sjå korleis sivsko blir fletta, og prøv sjølv å kare ull og spinna tråd med handtein. Det blir óg demonstrasjon på veving.

Hausten er her, og det passar godt å finna fram dei gamle spela. På Grødaland kan du friska opp reglane i kogre, daldøs, kråka, domino, gnav og sjakk.

Ute kan både store og små bera vatn med vassele, trilla singleband og gå på stylte. Sal av kaffi og lappar

Vel møtt!