Eplekaker, spel og leik i tunet

20. september 12.00 - 15.00
Grødaland, Nærbø
Vaksne kr. 40 / Barn gratis

Velkommen til ein gild aktivitetsdag på Grødalandstunet – den siste aktivitetsdagen før sesongen er slutt. Kva skjer?

🧈  Me bakar eplekaker og kinnar smør – kom og smak på baksten og kjenn den gode lukta i stovene.

🧶 Sjå korleis dei brukte handarbeidsteknikkar i gamle dagar

🍁 Gamle leiker og spel

☕️ Det vert sal av lappar, pølse og kaffi

🥰 Vel møtt!

 Arrangementet er eit samarbeid mellom Hå historielag og Jærmuseet.