Garborg-døra er heime att

Ho vart redda ut av ein konteinar i 1976 

Garborgheimen vart freda i 1939. Likevel har det blitt gjort endringar med huset opp gjennom historia. Då diktarheimen opna som museum 25. januar 1951 i høve 100-årshøgtida for Arne Garborgs fødsel, var over 3000 menneske til stades. Mange tusen besøkande gjekk gjennom inngangsdørene i ettertid. Dei høge besøkstala førte til slitasje på huset, og vedlikehald har vore nødvendig i fleire omgangar.  

Faksimile: Jærbladet.

I 1976 løyvde fylkeskommunen, Time kommune og Time mållag midlar til eit omfattande restaureringsarbeid på Garborgheimen. Arbeidet vart gjort av det lokalet byggefirmaet Time Trevare. Av utvendig arbeid vart bordkledninga skifta ut, gamle vindauge vart fornya, og det vart lagt isolasjon mellom tømmerveggen og bordkledninga. Allereie på 1960-talet hadde den originale tjørebreidde kledninga på baksida av huset vorte erstatta av kvitmåla ståande kledning. Reier Time jr., som deltok i arbeidet i 1976, hugsa at ein var nøye med å bruka tidsrett dimensjon på kledningsbord og listverk.  Men den ståande kledningen på baksida av huset vart no skifta ut med liggjande, utan at han hugsa heilt kvifor det vart gjort.  

Skiftet av inngangsdør var del av dette omfattande restaureringsarbeidet. Arbeidet med å laga ny dør til Garborgheimen vart gjort med stor flid. Også her vart arbeidet utført særs nøye av Time trevare. Måla på den nye døra var like på millimeteren som den gamle. Men kvar skulle ein gjera av denne? Jærbuen er ikkje kjend for å spara på gammalt rask. Døra hamna i konteinaren hjå «Trevaren» på Bryne. Den kulturinteresserte brynebuen Arne Aarsheim budde i nabolaget, og fekk dette med seg. Han synst det var for gale at døra skulle hivast, og bad om å få ho. 

Den gamle Garborg-døra frå 1848 fekk eit nytt liv på fritidseigedomen til familien Aarsheim på Sirevåg. Ho fekk etter kvart eit strøk med blåmaling. Innsida vart urørt. Det vart sett opp lemmar på utsida av døra. Desse verna døra for vind og vêr når familien reiste heim att til Bryne. 

I 2021 førte Jærmuseet kledninga på baksida av Garborgheimen tilbake til historisk korrekt utsjånad att. Den liggande kvitmalte kledninga frå 1976 vart erstatta med tjørebreidd og ståande hunkledning, som gamle bilde frå 1920-talet viste. Det var vanleg å nytta hun, det ytste, runde bordet skore av ein tømmerstokk, på baksida av husa.  

Då borna til Arne Aarsheim vart kjend med dette restaureringsarbeidet, ville dei gjerne gje døra tilbake slik at ho kunne få koma heim til Garborg att. Slik vart det. Den originale inngangsdøra er no blitt del av den nyreviderte miljøutstillinga i 2. etasje i Garborgheimen. 

Tretten lag med måling

Då konservatorane i Jærmuseet overtok døra, vart både treverk og metall reinska på forsiktig vis. I samband med konserveringa av døra ønskte dei å finna ut kva farge døra hadde hatt opprinneleg. Var ho grøn, slik ein trudde? 

Ved å studera ein liten bit av malingslaget under mikroskopet, såg konservator Sahra Campbell tretten ulike lag med måling. Døra har vore måla i ulike fargar opp igjennom åra, og har vore både einsfarga og tofarga. Det inste laget viste seg å vera okergult, med eit tynt lag med brun linoljemåling. Denne teknikken vert kalla ådring, ein måte å imitera strukturen i treverket på. På denne måten kunne ein få billig tre til å sjå ut som eit meir eksklusivt treverk. Det var vanleg å bruka meir ressursar på dei delane av huset som var synleg for gjester, til dømes inngangspartiet, gangen og bua, som bestestova i eit jærhus heiter.  

Noverande inngangsdør i Garborgheimen er blitt måla med den opprinnelege okergule fargen konservatoren fann på døra. Over det okergule målingslaget er døra ådra med tynn brun linoljemåling.  

Sjå konservator Sahra Campbell i arbeid

Låsen på døra

Dørlåsen på originaldøra er smidd i jern. Dørklinka er ein finurleg kombinasjon av handtak og nøkkel i eitt. Over nøkkelholet er det gravert inn AG. Garborgsenteret sine tilsette lurte på kvifor. Var låsen laga til Aadne Garborg, farfaren til Arne Garborg? Aadne Olavson Garborg var enkemann og flytte inn i stovekammerset på Garborgheimen då huset stod ferdig i 1848, saman med sin nygifte son og svigerdotter som tre år seinare fekk odelsguten Aadne Eivindson. Naboen Tønnes Svendson Garborg var bonde og smed, og ein god venn av Garborg-familien. Var det han som hadde laga låsen?  

Sverre Reiten, næraste nabo til Garborgheimen, hugsar godt at det kom tilreisande til garden deira då han var gut. Familien lånte ut nøkkelen til Garborgheimen til tilreisande som kom utanom museet sine opningstider. Denne såg ut som ein ordinær nøkkel i jern. Sverre meiner å hugsa at den finurlege handtak-nøkkelen vart laga av Torkell Ommundsen Norheim, mållagsmann og  medlem av tilsynsnemnda i Garborgheimen og Knudaheio.  

Torkell Norheim (1909-1999) var ein sann Garborg-venn og bonde. Noko av det gildaste han visste, var å smi. Torkell var av “smedablod” både på fars- og morssida, fortel sønene hans, Tore og Aasmund Norheim. Heime på Norheim-garden er det ei gammal esse, som var i bruk brukte titt og ofte. Morfaren til Torkell var O. G. Kverneland, grunnleggjaren av Kvernelands Fabrikk, der Torkell brukte mykje tid som gut om somrane. Han førte vidare smiekunsten nedervd gjennom generasjonar på Jæren. Og fekk han skapa noko i Garborgs teneste, gjorde han det med heile si sjel. Torkell var mannen som teikna den flotte porten inn til Knudaheio. Porten som kom på plass i 1958, har dekoren symboliserer Arne Garborg sitt liv . Denne kan ein lesa meir om i Time historielag si årbok.  

Det er mogleg at låsbeslaget med AG inngravert i på den gamle Garborgheimen-døra vart laga då huset vart museum i 1951. Kven som har laga det, veit me ikkje. Nøkkelen som står i døra i utstillinga på Garborgheimen, er smidd i smia Audamotland-garden på Nærbø i 2023 av smed Christian Bjotveit.  Den originale nøkkelen Torkell Norheim laga er bevart hjå Jærmuseet, som del av Garborgheimen si museumshistorie.   

Sjå smed Christian Bjotveit i arbeid

 

Kjelder:  

Restaurering av Garborgheimen. Jærbladet 14.02.1950 

Reparert i strid med fredinga. Stavanger Aftenblad 20.03.2000 

Det er delte meiningar om jobben me gjer. Jærbladet 17.09.2021 

No er det på tide at ho kjem fram i lyset. Jærbladet 27.10.2023  

Ola Nordsletten m.fl.: Frå Garborg til Knudaheio, Time Mållag 1984  

Sigbjørn Reime: Om Garborgheimen, Time kommune 2003 

Herborg Kverneland: Porten i Knudaheio, Time historielag si årbok 2013  

Samtale med Sverre Reiten 26.06.24 

Samtale med Tore Norheim 26.-27.06.24 

Samtale med Aasmund Norheim 27.06.24