Utstilling: Livreddaren

I sommar og haust kan du sjå utstillinga som er eit portrett av og ein hyllest til den norske spelsauen på Limagarden.

I dette verket kan ein krypa inn, kjenna kor mjuk ulla er og lukta av spelsauen.
3. juli 2017 - 31. august 2017
Limagarden, Ytre Lima, Ålgård

Vandreutstillinga er eit dokumentarisk portrett av den norske spelsauen og ein hyllest til ein trufast følgesven som har haldt nordmenn varme gjennom årtusenar.

Ulla frå spelsauen har unike eigenskapar som ein ikkje finn sjå nokre andre saueraser. Tidlegare var me avhengige av kunnskap om koss me utnytta denne ulla. I dag er denne kunnskapen i ferd med å gå i gløymeboka. Spelsauen er fortrengt av sau avla på den moderne tekstilindustrien sine premiss – sau med ull som maskinar kan handtere men som ikkje held på langt nær same kvalitet som spelsau-ull. Samstundes har norsk tekstilindustri langt på veg lidd ein stille død dei siste 50 åra.

Utstillinga «Livredderen» set søkelyset på kva me er i ferd med å mysta på grunn av denne utviklinga; av genmateriale, praktisk kunnskap og råvarer med unike materielle kvalitetar.

Gjennom foto, tekst og installasjon får publikum ein presentasjon av ein viktig del av vår kulturbiologiske historie – og for eit bodskap som først og fremst handlar om det skjøre, gjensiktige avhengighetsforholdet mellom dyr og menneske.

Utstillinga passar godt på Limgarden, der det har vore gardsdrift med vekt på sau fra 1600-tallet og heilt til garden blei teken over av kommunen.

Opningstider:
23. juni – 28. juli: Opent tysdag til søndag 12 – 16. Måndagar stengt.

29. juli – 27. september: Opent kvar søndag kl 12 – 16.