Rundt Limavatnet i Gjesdal er det mange eldre, historiske bygningar som har vore viktige i Gjesdal. Men få kjenner til den rike historia som ligg her.
Denne sundagen inviterer Jærmuseet i samarbeid med Gjesdal bygdekvinnelag og Gjesdal bondelag til ein sykkeltur tilbake i tid – der du på sju stopp får koma inn i bygningane og blant anna bli med på:
- høyre og sjå koss vert Limaskeissene laga
- tørke og male korn i Kvernhuset
- smake på surdeigsbrød med smør og ost i baksthuset
- smi og banke jern
- besøke dyra på Limagarden, her er det høns, lam og kanin
Turen startar på Limagarden. Her får du utdelt kart og eit pass. På dette passet står dei ulike postane, og spørsmål knytta til dei ulike bygningane. Fyll ut spørsmåla undervegs. Alle som leverer ferdig utfylt pass til Limagarden innan kl. 16 er med i trekninga om premiar. I tillegg er det deltakarpremie til alle.
Om du ikkje vil bruke sykkel, er du velkommen til å køyre ruta i bil. Då er det viktig å vise hensyn til dei syklande!
Stoppane på løypa er: Limagarden, Smia der Limaskjeisene vart laga, Kvernhuset, Baksthuset, Gjesdal Ljåfabrikk og Gjesdal kyrkje. Nokre stader er det smaksprøvar, andre stadar får de vera med på demonstrasjon og aktivitet.
Hugs hjelm! Velkommen!