Hage- og aktivitetsdag

5. mai 12.00-15.00
Limagarden, Ytre Lima, Ålgård
Vaksne kr 40 / barn gratis

Velkommen til Limagarden og hage- og aktivitetsdag!

Denne dagen får du mange tips og idèar til hagearbeid og korleis både blomar og buskar skal trivast og gro. Det vert mykje nyttig informasjon og mange kjekke aktivitetar for dei små.

Program for dagen:

12.00 Museet opnar

12.00-15.00

  • Kafé v/Hageselskapet Rogaland
  • Aktivitet for barn: lag blomsterdekorasjon v/Oltedal hagelag (kr. 75,- per stk)
  • Aktivitet for barn: så frø i melkekartong v/Ålgård hagelag
  • Sal av staudar og blomar
  • Jordsnakk og dyrking av grønsaker i pallar v/Henry Tendenes

13.00-14.00 Skjøtsel av epletre v/Ragnvald Gramstad

14.00-14.30 Skjære til plommetre v/Ragnvald Gramstad

15.00 Trekning av vinnar av årskort i Jærmuseet. Utdeling av premie for rett svar på quiz.

16.00 Museet stenger

I tunet kan ein gå på stylter, hoppe tau og kaste hestesko heile dagen.

_

Inngangsbillett: Vaksne kr. 40,- / barn gratis. Alle som har Jærmuseet sitt årskort, kan bruka dette.

Alle som går eller syklar til Limagarden denne dagen er med i trekninga om familiebillettar til Jærmuseet.

Du kan gå langs sykkelstien frå Ålgård eller over Limaheia.

Dagen er eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hageselskapet i Rogaland med særleg god hjelp frå medlemmane frå Ålgård og Oltedal.

Velkommen til hage- og aktivitetsdag!

Ingeborg Skrudland IMG_1159red