Fiskedag i Limavatnet

27. september 2015 Kl 12 - 16
Limavatnet (rett før Gjesdal kyrke) - Ålgård
Gratis

Fiskedag i Limavatnet

(Sving av E39 sør for Ålgård mot Gjesdal kyrkje og køyr cirka 3 kilometer. Fiskedagen er like før du kjem til Gjesdal kyrkje)

Ein ting er sikkert; i Limavatnet er det i år mykje og god fisk! Garn vert sett ut kvelden før aktivitetsdagen og ungane får vera med å trekke det inn, første gong kl. 12. Får me fisk? Kva sort fisk er det? Etterpå vert det sløying av fisk med filetering. Korleis ser fisken ut inni? Klarer me finna hjarta?

Bål er fyrt opp og på bålpanna steiker me fangsten med poteter og godt krydder. Solbærtoddy og kaffi høyrer sjølvsagt med.

Vil du eller ungane læra flugefiske så er det muligheit for det, og det er utlån av fiskeutstyr.

Alle aktivitetene er gratis. Ta med godt med klede og gjerne sitjeunderlag.

Fiskedagen vert arrangert i vika før Gjesdal bygdahus og Gjesdal kyrke, på vegen mot Madland. Cirka 4 km etter du køyrer av E39 sør for Ålgård.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Jærmuseet og Stavanger og Rogaland Jeger- og fiskeforbund.

Velkommen til FISKEDAG!