Fiskedag i Limavatnet

2. oktober 2016 12.00-16.00
Like før Gjesdal kyrkje (Nedre Kluge)

September2 052

Velkommen til aktivitetsdagen «Fiske i Limavatnet»

Her vert det muligheit for å trekke og reinska garn, sløye og filetere fisk, få smake på både fisk og potet steikt på bålpanne, få fiske sjølv og få tips om god kasteteknikk.

Kva finn me i garnet? Og blir det mange fiskar? Store eller små? Kor er hjarta til fisken?

Arrangementet er gratis for både liten og stor. Det vert mange smaksprøver og kaffi + solbærtoddy på bål.

Det kan vera lurt å ta med sitjeunderlag og gode klede.

Følg skilting mot Gjesdal kyrkje frå E39 sør for Ålgård. Me held til ca. 1 kilometer frå kyrkja (etter Nedre Kluge).

Jærmuseet og Skogselskapet i Rogaland er arrangør.