Aktivitetsdag med tradisjonsmat i fokus

Baking av flatbrød
25. august 12:00 - 15:00
Limagarden, Ytre Lima, 4330 Ålgård
Kr. 40 for vaksne / gratis for barn.

Gjesdal bygdekvinnelag skal ilag med Jærmuseet arrangere aktivitetsdag søndag 25. august frå kl 12 -15.

Det blir vist ulike former for matlaging som kinning av smør, baking av potetkaker og flatbrød, safting og sylting. Og det vert sjølvsagt smaksprøver.

Me vil også visa bregding (fletting av strømpeband), eit handverk som er i ferd med å gå i gløymeboka.

Det vil vera muleg å kjøpa mat som gulrot-suppe med grønnsak-vaffel, samt litt kaffimat.

I tunet vil det vera stylter og hestesko.

Bak Limagarden ligg Limaheia. Her er det flotte turområder. Kombiner gjerne besøket til Limagarden med ein tur i heia!

Museet er ope frå 12 til 16.

Inngang vaksne: kr. 40,-

Barn og årskort Jærmuseet gratis

Betal kontant eller Vipps.