Ny utstilling på Knudaheio: -ein stad for både arbeid og rekreasjon

I 100 år har Knudaheio vore forfattarmuseum. 20. juni 2025 blei derfor ei ny utstilling offisielt opna i det som var Arne Garborgs sommarstove, utan at det går på kostnad av ei autentisk oppleving.

– Me hadde lyst til å fortelja mykje, men utan å bombardera gjestene med informasjon, fortel utstillingsansvarleg ved Garborgsenteret, Gunhild Hammeraas.

– Utstillinga skulle ikkje ta over rommet – me ønskte heller å leggja til rette for ei oppleving der du kan fordjupa deg på dine eigne premiss og gjera deg opp eigne tankar.

Utstillinga vart offisielt opna av ordførar i Time kommune Andreas Vollsund (t.v), med innlegg frå utstillingsansvarleg Gunhild Hammeraas og avdelingsdirektøren ved Garborgsenteret, Inger Undheim (t.h.)

Nye formidlingsmetodar

– Tidlegare hadde me originale førsteutgåver av Arne Garborg sine verk i montrar på veggen, men dei hadde falma. I staden har me nytta fotokopiar av framsidene, forklarer Hammeraas.

– På baksida av desse finn du sitat og historie. Dermed er utstillinga mindre avhengig av formidlar ved stor pågang, og legg til rette for meir utforsking på eiga hand.

– Men fokuset er ikkje berre på Garborg og litteraturen hans. Gjennom flotte bilde og korte tekstar blir du kjend med Knudaheio som gravstad, minnestad, skrivestad og turstad.

Gamle gjenstandar og lite forbruk

Skuggelua, Garborg sine tresko og skjortesnippen stod tidlegare i ein veggmonter på soverommet, men nå har dei fått ny heidersplass på Knudaheio, utan å kjøpa nytt.

– No er desse flytta til ein UV-beskytta glasmonter med klimastyring i hovudrommet, fortel utstillingsansvarleg Hammeraas.

– Me trudde me kom til å byggja mykje nytt, men i staden har me ombrukt det meste – til dømes er vegghyllene dei same som før, medan glasmonteren har me overteke frå Arkeologisk museum. Eg er nøgd med at me har løyst utstillingsarbeidet med gjenbruk. Klimaavtrykket er lågt.

Håpar på gode opplevingar

– Ei utstilling er litt som ei bok: du har lyst til å seia alt, men må finna balansen. Eg likar sjølv å oppleva noko nytt, og setja meg inn i det andre har skrive og gjort. Det er nettopp det som er spennande med kulturhistorie og litteratur.

– Knudaheio har alltid vore knytt til Arne Garborg, men huset er òg ein del av kulturhistoria og identiteten til kommunen. Det var ein stad for både arbeid og rekreasjon. Eg håpar dei som kjem på besøk vil oppleva noko av det same som Garborg gjorde her oppe i si tid, avsluttar Hammeraas. Både Hulda og Arne er gravlagde i hagen i Knudaheio.

Vil du høyra meir om den spesielle historia om dei utstilte treskoa, stolne i 1931, og som først kom til rette i 1932? Då kan du lesa meir om (og finna lenke til) første episode av Jærmuseet sin podkast TING her.