2024
I rute 4, der jorda var skifta ut, var det god effekt og blomstring. I dei andre rutene blomstra artar som var til stade før forsøket starta (følblom, soleier og kvitkløver). Det tyder på at endra skjøtsel verkar positivt. I rute 3 var det tydeleg effekt av å bruka pluggplanter. På vindstille og solrike dagar blei det observert ein god del pollinerande insekt i felta, som ulike artar av humle, større blomsterfluger og eit par individ av solitære bier.





Nederste rad: rute 4, 11. juni 2024. Besøk av pollinerende insekt.
Foto: Hans-Arvid Grødeland / Jærmuseet
2023
I ruta der jorda var skifta ut (rute 4) var det god etablering av dei sådde artane. I dei andre rutene var det få planter som hadde etablert seg i den tette grasvegetasjonen, med unntak av dei som var planta inn som plugg.