Ferieklubb-tilbod i 2021

_

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På ferieklubben på Grødaland skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i tjørna og fanga innsekt og frosker, spikka, laga forskjellige ting, kle oss ut med klede frå gamle dagar, snekra, dra på tur til Vitenfabrikken eller Vitengarden og mykje meir. Me lagar mat og serverer frukt kvar dag.

Ferieklubben vert arrangert som eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hå kommune.

Alder: 1. – 7. trinn (skuleåret 2020/2021)

Kor tid: Veke 26 og 32, måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00

Pris: kr. 1500,- per barn

Påmelding: Meld på barnet/barna dine her. 

Det er 30 plassar kvar veke og det er «første mann til mølla» som gjeld. De vil få stadfesting på plass rett etter påske. Er det enda ledige plasser etter det, tek me imot påmeldingar fortløpande.