Ferieklubb-tilbod i 2020

Grødalandstunet sitt ferieklubbtilbod i veke 26 og 33.

Vil du vera med på veke utanom det vanlege?

På ferieklubben på Grødaland skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i tjørna og fanga innsekt og frosker, spikka, laga forskjellige ting, kle oss ut med klede frå gamle dagar, snekra, dra på tur til Vitenfabrikken og mykje meir. Me lagar mat og serverer frukt kvar dag.

 

Ferieklubben vert arrangert som eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hå kommune.

 

Alder: 1. – 7. trinn (skuleåret 2019/2020)

Kor tid: Veke 26 og 33, måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00

Pris: kr. 1500,- per barn

 

Påmelding: Påmelding til Grødaland opnar onsdag 11. mars kl. 09.00.

Påmelding gjer du ved å følge denne lenka. 

Påmeldingsfrist er 30. april.

 

Det er 30 plassar kvar veke og det er «første mann til mølla» som gjeld. De vil få stadfesting på plass rett etter påmeldingsfristen er gått ut.