Grødalandstunet har tilbod om ferieklubb i veke 27 og 33 sommaren 2019.

Vil du vera med på veke utanom det vanlege?

På ferieklubben på Grødaland skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i tjørna og fanga innsekt og frosker, spikka og byggje hytte, laga forskjellige ting, kle oss ut med klede frå gamle dagar, snekra og mykje meir. me lagar mat og serverer frukt kvar dag.

 

Ferieklubben vert arrangert som eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hå kommune.

 

Alder: 1. – 7. trinn (skuleåret 2018/2019)

Kor tid: Veke 27 og 33, måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00

Pris: kr. 1500,- per barn

 

Påmelding: følg lenka her. Påmeldinga er bindande. Frist: 1. mai 2019.

 

Det er 30 plassar kvar veke og det er «første mann til mølla» som gjeld. De vil få stadfesting på plass rett etter påmeldingsfristen er gått ut.