Velkommen til sesongopning på Grødalandstunet!
Grødalandstunet er ein typisk sjøgard med utsikt mot havet i vest med hus frå 1700- og 1800-talet. Og no opnar sesongen for fullt!
Vertar tek deg vel imot. Grødalandstunet vil ha ope kvar sundag frå mai til og med september.
I kafeen er det sal av kaffi, juice, kjeks og anna godt.
Velkommen!
Billettpris: Vaksne 40 kroner og barn gratis. Har du årskortet til Jærmuseet, kan du nytta dette denne dagen.
