Ferieklubb på Grødalandstunet

4. august - 8. august
Grødaland
1600,-

Vil du vera med på ei veke utanom det vanlege?

På ferieklubben på Grødalandstunet skal me leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i tjørna og fanga innsekt og frosker, spikka, laga forskjellige ting, snekra, dra på tur til Vitenfabrikken og mykje meir. Me lagar mat og serverer frukt kvar dag.

Ferieklubben vert arrangert som eit samarbeid mellom Jærmuseet og Hå kommune.

Alder: 1. – 4. trinn (skuleåret 2024/2025)

Kor tid: Veke 32, måndag – fredag kl. 9.00 – 15.00

Pris: kr. 1600,- per barn

Påmelding: Lenke til påmelding