Tidsreisa

 

Livet på garden, ei lita tidsreise.

Korleis levde dei før i tida? Hadde dei elektrisitet og kor kom vatnet frå? Korleis vaska dei klede og kva spist dei? Kva type arbeidsoppgåver hadde dei i heimen og korleis var det å vera barn på denne tida?

Kort om opplegget:

  • Me «reiser» tilbake i tid for å læra meir om korleis dei levde på 1850-talet.
  • Me samtalar om korleis det var å bu på garden, og korleis det var å væra barn før i tida.
  • Elevane får sjå og prøva nokre gjenstandar.
  • Me leikar med leikar frå gamle dagar.

Frå fagfornyinga:

Kompetansemål etter 4. trinn

Samfunnsfag

  • Utforskakulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis me lever i dag

Kroppsøving

  • Utforskaog gjennomføra leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar

Varigheit: 

1,5 time per 25 elevar.

Undervisninga går føre seg på heile Grødalandstunet. Det er derfor ikkje mogleg å opphalda seg der før eller etter undervisning om ikkje anna er avtalt.

Kan bestillast:

Mai

Pris:

Gratis

 

Send førespurnad