POTETOPPTAK

Kor veks poteta? Kor kjem dei frå? Kva kan dei nyttast til? Me blir betre kjent med poteta, og får vera med å ta opp poteter slik dei gjorde før maskinane tok over dette arbeidet.

Kort om opplegget:

  • kva treng plantane for å veksa
  • kva er ei morpotet
  • kvifor er nokre poteter grøne
  • sortering av poteter etter storleik
  • vask, kutt og steik poteter

Her gjeld fyrste mann til mølla, så ver snar og finn ein dag det passar og reserver.

Trinn: 3.-5.trinn

Frå fagfornyinga:

Samfunnsfag, etter 2. trinn:

  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan

Naturfag etter 4. trinn:

  • delta i hausting og bruk av naturressursar

Mat og helse, etter 4. trinn:

  • utnytte lokale matvarer i matlaging og presentera ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
  • lage enkle måltid og bidra til å skape ei triveleg ramme rundt måltid saman med andre
  • bruke reiskap… og enkle teknikkar i samband med matlaging

Varigheit: 

2 timar

Gruppestorleik:

Maks 30 elevar

Kan bestillast: 

Veke 38 og 39 (avgrensa antal plassar)

 

Send førespurnad