Bli kjent med dei vanlegaste fugleartane rundt Vistnestunet. Har du sett nokre av fuglane, men veit ikkje kva dei heiter? Korleis ser desse fuglane ut? Me ser på ulike egg og reir. Ein tur ut med kikkert for å sjå på fuglane høyrer også med.
Trinn: 3.-7.trinn
Kort om opplegget:
- Kva er trekkfuglar og kva er standfuglar?
- Sjå fuglar gjennom kikkert.
- Kva for nokre fugleartar kan me finna i nærområdet?
- Kva for nokre farar truar fuglane og korleis kan me hjelpa dei?
Frå fagfornyinga:
Naturfag, etter 4. trinn:
- utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder…
- gi eksempler på god dyrevelferd og reflektere over hvordan dyrs behov kan ivaretas
Naturfag, etter 7. trinn:
- gjøre rede for hvordan organismer kan deles inn i hovedgrupper, og gi eksempler på ulike organismers særtrekk
Varigheit:
1,5 – 2 timar
Gruppestorleik:
Maks 30 elevar
Kan bestillast:
Veke 20-23.