Sundag 27. september er det treskedag på Vistnestunet, kl. 12 – 16.
Det er mykje spanande som skal skje på Vistnestunet til helga. Mellom anna vil Gammeltraktorens venner syne fram både traktorar og motorar. I tillegg vil vi freiste å få gang på vindmaskina – på tunet utanfor låven – og du kan kanskje få tur med hest og kjerre.
Programmet ser slik ut, kl. 12 – 16 sundag:
- Gammeltraktorens venner freister å få vindmaskina i drift, og vil syne fram ulike traktorar og motorar.
- Det vert tilbod om turar med hest og kjerre.
- Ope for høyhopping i låven.
- Open utstilling i fjoset «Hjå dyrlegen».
- I kafeen vert det sal av lappar, kaffi og saft.
- Velkomen til gards!
Foto: Ove Tennfjord